Klokka 08.00 torsdag morgon opplys operasjonsleiar Kenneth Sætre ved Møre og Romsdal politidistrikt at brannvesenet gjer ei kontrollert nedbrenning. Politiet har reist frå staden og brannvesenet har full kontroll.

Naudetatane fekk melding om brannen klokka halv fem i natt. Det var ein einebustad i Åmdalen i Ørsta som var overtent. Politi og brann kom til staden og fekk evakuert bebuarane. Det har ikkje vore fare for røykspreiing til andre bustader i området. Når brannvesenet er ferdig vil politiet starte etterforsking av saka.

Sætre fortel at politiet ikkje har nokon meining om korleis brannen starta.

– No må vi først få i gong ei etterforsking for å komme til botns i kva som skjedde.