Etter berre 70 dagar passerte nemleg Loen Skylift 55.000 besøkande, noko som var målet for heile opningssesongen 2017.

- Vi meiner vi budsjetterte nøkternt med driftsoverskot etter 42.000 besøkande. At vi får så gode tal allereie i juli gjer at vi kan sjå framover med nytt pågangsmot, seier Grov.

Han seier det er vanskeleg å peike på ei spesiell kundegruppe som har bidratt til suksessen.

- Vi har hatt alle typar besøkande, og ifrå mange land. Her har vore syklistar, turgåarar, klatrarar, hopparar - og vanlege turistar.

- Det som har gjort mest inntrykk på meg er likevel å sjå folk som til vanleg ikkje kan nå høgfjellet på eigne bein. Å sjå andletet deira når dei er på 1.000 meter og nyt utsikta, ja då får eg ein klump i halsen.

Vekst

- Takka vere Nordfjord havn har nokre cruiseskip kunna ankra opp i Loenfjord og avlasta Olden. Med noko konkret å vise til, kan vi no marknadsføre oss for fullt mot cruisemarknaden. Her ventar vi vekst dei neste åra, seier Richard Grov.

Han peiker på at det var nettopp i Loen den lokale cruiseturismen starta.

- Er hjulet slutta?

- Nei, her er ingen slutt. Vi har berre så vidt starta, seier Grov som er dagleg leiar i Hoven Loen, Hotel Alexandra, Hotel Loenfjord og Loen eigedomsselskap.

Vidare planar

For han legg ikkje skjul på at investorane i Loen vil byggje vidare på suksessen.

- Loen skylift er eit fundament for nye opplevingar og aktivitetar. God økonomi gjer at vi no kan gjere nye ting raskare.

Utan å vere konkret kallar han dei vidare planane for "spenstige".

- Vi er stolte av det vi har fått til så langt.

- Har du eit godt råd til dei som ynskjer gondol i Ålesund?

- Ja, det er ein god idé, men dei må gjere eit godt forarbeid. Det er alfa og omega for eit slikt prosjekt.

- Kanskje du vil bidra?

20.mai opna HM Dronning Sonja Loen skylift. Her saman med Richard Grov. Foto: Arkivfoto