Fredag markerte partiet innspurten i valkampen med ei markering om bord i fiskebåten Leinebjørn på Leinehamna i Herøy.

Og staden var sjølvsagt ikkje tilfeldig:

– Venstre er eit fiskeriparti. Ringverknadane frå fiskerinæringa er enorme, og eit reint hav er sjølve hovudbodskapen min i valkampen, sa stortingsrepresentant Pål Farstad til dei frammøtte, som bestod av både partifolk og folk frå fiskerinæringa – for det meste vaksne menn.

Farstad ønskjer altså ein ny periode på tinget med fire nye år og sel seg no inn som ein havets mann på tinget.

– Eg skal verre så ubeskjeden som å seie at fiskeripolitikk har fått eit oppsving i Venstre si stortingsgruppe, sa Farstad, som trekk fram midlar til havforsking og tiltak mot plast i havet som nokre eksempel.

– Då eg kom inn på tinget for fire år sidan, beit eg meg fast i næringskomiteen, og der vil eg vere vidare og kjempe for fiskeria. Og eg vil kjempe for deltakerlova, seier Farstad.

Møreblokkane

For å halde mini-foredrag på kickoff-en hadde Venstre henta inn Nils-Roar Hareide frå Runde Miljøsenter, som snakka om «Kvifor treng vi Mørefeltet?». Før Stig Arne Sævik frå Herøy fiskarlag fortalde om «Kvifor treng vi fiskeria».

Venstre skal verre ein garantist for at det ikkje vert oljeboring på Møreblokkane, meiner Pål Farstad.

Venstre har slite på meiningsmålingane, men Farstad kjenner seg trygg på at han får fire nye år på tinget – i alle fall som eit utjevningsmandat.

Rolla som støtteparti har nok ikkje berre vore enkel for partiet. Som no aller helst ønskjer seg Frp ut av bildet:

– Vi går til val på at vi ønskjer ei regjering med Venstre, Høgre og KrF. Men først må folk stemme, seier Farstad til Smp.no.