Og to som kan sjå tilbake på eit svært godt år, er Slettvoll Møbler på Stranda og Fora Form i Ørsta.

– Vi har aldri tidlegare hatt ei så stor omsetning, og vi har aldri før hatt eit så stort overskot, seier Kristine Landmark, administrerande direktør ved Slettvoll Møbler.

Dei har fabrikken sin på Stranda, og 17 butikkar i Norden – seks av butikkane driv dei sjølve.

I løpet av fem år har Slettvoll dobla omsetninga, som i fjor landa på 269,1 millionar kroner. Det gav eit resultat før skatt på 40 millionar, ein vekst på 15 prosent frå året før. Samla sal frå alle 17 butikkane var 340 millionar.

Dei siste åra har Slettvoll investert stort i fabrikken på Stranda, noko som har ført til endå meir effektiv produksjon.

Vidare har dei rydda i butikkstrukturen sin. To butikkar i Kristiansund og Førde er lagde ned, butikken i Stockholm har fått ei betre plassering – og i oktober opnar dei butikk i Malmø.

Kristine Landmark trur på framleis vekst for bedrifta.

– Vi arbeider heile tida med å auke omsetninga pr. kunde, noko vi har klart bra så langt. Vidare satsar vi sterkt på kunderådgjeving og endå fleire varegrupper.

Fora Form

I Ørsta har administrerande direktør Ivar Sandnes i Fora Form AS også god grunn til å smile. Møbelprodusenten omsette i fjor for 159,3 millionar kroner, og fekk eit resultat før skatt på 8,1 millionar.

Omsetninga auka med over 20 millionar i høve til året før, som var svært prega av oljenedgangen på Vestlandet.

– Det vart stopp i alle prosjekt på Vestlandet. Men vi har klart å auke omsetninga på andre felt. Til dømes leverte vi fjor ein stor ordre til Oslo lufthamn, Gardermoen. Og akkurat no skiftar vi ut alle stolane i Colosseum kino i Oslo.

Sandnes trur inneverande år blir like bra som i fjor, og kanskje endå betre.

Nokon som kanskje helst vil gløyme fjoråret er Brunstad AS i Sykkylven. Dei fekk redusert omsetninga si med 17 millionar kroner, og landa på eit underskot på 4,8 millionar.

Det meiner styreleiar Eldar Eilertsen at dei skal klare å snu allereie i år:

– Vi valde litt feil strategi. Det har vi endra på no, utan at eg vil gå meir detaljert inn på det. Med endra strategi og fokus ser det så langt positivt ut for oss. Eg trur vi landar på pluss igjen allereie i år, seier Eilertsen.

Ekornes

Storebror i norsk møbelbransje er Ekornes ASA, med hovudkontor i Sykkylven.

Dei opplevde i fjor ein liten nedgang i salet, men fekk ei kraftig resultatforbetring – opp 168 millionar kroner frå året før.

Ekornes-konsernet omsette i fjor for 3,1 milliardar kroner, og sat att med 446,1 millionar kroner – før skatt.

Eit omfattande kostnads- program og effektiviserings- tiltak var forklaringa leiinga kom med då tala vart lagt fram.

I Oslo sit bransjesjef Egil Sundet i Norsk Industri og overvakar møbelbransjen.

– Fjoråret vart samla sett eit bra år for bransjen. Det er første gong eg har opplevd at importen av møblar har gått ned, medan eksporten har hatt ein auke. I fjor eksporterte vi 2,9 prosent meir enn året før, seier Sundet.

– Ein god kronekurs og moderate lønsoppgjer gjer at eg trur at også 2017 blir eit bra år, legg bransjesjefen til.

Fora Form AS i Ørsta sel stadig meir møblar, slår adm.dir. Ivar Sandnes fast. Foto: Terje Engås
Egil Sundet er bransjesjef i Norsk Industri. Foto: Staale Wattø