Dei unge stemmene:

– Miljøpartiet blir litt autoritære

Kan vi løyse klimakrisa med framleis økonomisk vekst i Norge? Unge Venstre og Grønn ungdom møtast til duell.

Dei unge stemmene utfordrar ungdomspartia til debatt. I dag diskuterer Martin Andeas Hagen (Grønn ungdom) og Håvard Urkedal (Unge Venstre) klimakrisa.

Nyheter

Her kjem alle debattane: Dei unge stemmene

I første episode av Smp.no sin nye debattserie er det Martin Andreas Hagen (Grønn ungdom) og Håvard Urkedal (Unge Venstre) skal diskutere klimakrisa.

Dei er einige om problemet – men ikkje om løysinga.

– Marknaden er ein fantastisk tener. Viss ein legg om skattesystemet slik at det er dyrt å forureine, og billeg å vere miljøvennleg, så klarer vi å omstille oss, seier Urkedal.

For Venstre er det viktig å ikkje tvinge folk til å bli med på det grøne skiftet, seier han.

Hagen frå Grønn ungdom vil oljenæringa til livs.

– Det handlar ikkje om kva vi har lyst til å gjere, men kva vi er nøydd til å gjere. Vi har realistisk sett fire år på oss viss vi skal klare 1,5-gradersmålet, seier Hagen. 


TV-debatt på Smp.no:

Hvem kaprer de unge stemmene?

Ungdomspolitikerne møtes her til duell om viktige tema for valget 2017. Første episode kommer på Smp.no i morgen!


Om debattserien

Sunnmørspostens debattserie Dei unge stemmene utfordrar ungdomspartia til debatt.

To og to møter til diskusjon. Emnene som blir tatt opp i serien er pelsdynæring, innvandring, fraværsgrensa, miljø og KRLE.

Dette svarer dei to politikarane om emnene

Martin Andreas Hagen, Grønn ungdom.

– Fjerne eller behalde k-en i krle-faget?

– Fjern heile faget! Både RLE og KRLE er utdatert, og vi burde derfor erstatte heile faget FRED, som er vårt forslag til et nytt og meir moderne fag som dekker Filosofi, Religion, Etikk og Dialog.

– Korleis løyse klimakrisen?

– Norge må ganske enkelt tørre å ta utfordringa, bruke den teknologien og dei løysingane som er der, samtidig må vi vere frampå då vi har store moglegheiter for å skape nye berekraftige næringar.

– Fråværsgrensa: For eller imot, kvifor?

– Imot. Fråværsgrensa skjer alle over ein kam medan årsakene til fråværet er ulike, og det er kompetansen i faget som burde avgjere karakteren, ikkje talet timar i klasserommet.

– Skal vi ta i mot så få eller så mange innvandrarar som mogleg?

– Det er viktig å hugse at det bak kvart tal i flyktningsstatistikken er eit menneske, og dirfor meiner vi at vi bør hjelpe dei vi kan samtidig som vi er heilt klare på at vi ikkje kan ta imot alle.

– For eller imot pelsdyrnæringa?

– Imot! Pelsdyroppdrett er helt uforenelig med god dyrevelferd. Pels er best på dyr, og heldigvis har fleire og fleire land har kvittert seg med næringa, kor Tyskland og Tsjekkia er sist ut. No må Norge følge etter.

Håvard Urkedal, Unge Venstre

– Fjerne eller behalde k-en i krle-faget?

– Unge Venstre vil fjerne Ken i KRLE og meiner andre fag er betre til å lære oss om Norges kristne historie.

– Korleis løyse klimakrisa?

– Klimakrisen løysast best ved at alle bidreg, og at alle bidreg fordi det er mest lønnsamt for dei. Difor må systemet løne menneske som er klimavenlege.

– Fråværsgrensa: For eller imot, kvifor?

– Imot fråværsgrensa, fordi å tvinge elevar til å møte opp på skulen fikser ikkje problemet som gjorde at de ikkje kunne møte opp i utgangspunktet.

– Skal vi ta i mot så få eller så mange innvandrarar som mogleg?

– Norge har moglegheit til å ta imot mange fleire innvandrarar enn vi gjer i dag, og det å hjelpe så mange som vi klarer er vår plikt som medmenneskjer.

– For eller imot pelsdyrnæring?

– Unge Venstre vil avvikle pelsdyrnæringa. Gang på gang blir det avslørt forferdelege forhold på gardane, og dyra fortener verkeleg betre.