Tirsdag fekk lokalt næringsliv møte næringsministeren under Blue Fish-messa i Ålesund.

Her fekk ministeren presentert eit krav om bruk av lokal diesel-elektrisk framdriftsteknologi.

I konseptet som Stadt AS har lagt fram for myndigheitene har ein foreslått dieselgeneratorar frå Bergen Diesel, og propellar og gir frå Brunvoll Volda og Brunvoll Molde.

- Og Stadt Lean Drives som styrerer propellane på ein måte som gir 5-6 % lavare miljøutslepp og dieselforbruk enn det andre aktørar kan tilby, seier Slettevoll.