Ulstein Group

Stakar ut kursen for nye 100 år

Snart skal Ulstein byggje båtar igjen, men første skal det feirast. Det er 100 år sidan industrieventyret starta.

Vi står attmed andre foreldre på fotballbana, foreldre som kan vere permittert eller oppsagt

Gunvor Ulstein
Nyheter

Festen blir kjensleladd for meg. Faderen er ikkje her, og moderen gjekk brått vekk i mai. Vi er ikkje lenger den nye generasjonen. Vi er eldst, og det er eit ekstra ansvar. Vi skal stake ut framtida for neste generasjon, seier Gunvor Ulstein før jubileumsfesten i familiekonsernet.