Med 99,8 prosent av stemmane i Sogn og Fjordane talt opp, er det KrF som får det siste mandatet frå fylket. Det går til Tore Storehaug.

Dermed blir det ikkje ein ny periode på Stortinget for den profilerte Venstre-politikaren frå Nordfjordeid.  Det var NRK Sogn og Fjordane som melde om saka.

– For meg personleg er dette sjølvsagt skuffande. Eg var verkelegmotivert for fire nye år, og eg følte eg hadde meir å gi, skrivRotevatn på Facebook.

– Samstundes visste eg heile tida at utjamningsmandatet i Sogn og Fjordane var svært utsatt. Førre val vart det stang inn. Denne gongen vart det diverre stang ut, skriv han vidare.

Ikkje ordentleg lei seg

Rotevatn klarer likevel ikkje å vere ordentleg lei seg over valet.

– For eg har vore med på eit lag som har klart å løfte Venstre over4-prosentgrensa to gonger på rad for første gong sidan 1969. Ogpartiet mitt er framleis representert på Stortinget med ei solidgruppe, som kjem til å vere i ein viktig maktposisjon dei nesteåra, skriv han.

Skal skrive master

Den unge politikaren vil no ta seg nokre dagar fri. Deretter vil han hive seg rundt og skrive ferdig masteroppgåva i rettsvitskap, skriv han.