Iføgje politiet sin operasjonssentral vart det klokka 21.33 onsdag kveld meldt om brann i ein bustad på Vartdal i Ørsta kommune.

Seks minutt seinare var brannbilen på Vartdal framme på staden. Då var det full fyr i huset. Det kom forsterkingar i form av brannbil frå Ørsta og tankbil frå Volda.  Klokka 22.30 fortel Sindre Kongshaug ved 110-sentralen at det ikkje skal vere fare for at brannen skal spreie seg til andre hus.

Først klokka 23:37 hadde brannvesenet kontroll over brannen.

Foto: knut arne aarset

– Problem med tilgang på vatn

Ifølgje smp.no sin reporter på staden er det snakk om eit eldre hus, kor det ikkje skal bu folk til vanleg.

– Først akkurat no fekk dei vatn på og har starta sløkking. Det er eit problem med tilgang på vatn i området, fortel journalist Knut Arne Aarset klokka 22.35.

Årsaka til at det starta å brenne er ikkje kjend.

Brannslokking utover natta

Klokka 22.44 ringer Aarset på igjen og fortel at dei framleis ikkje har fått på vatn. Ei eldre løe står tett på huset.

Kongshaug på 110-sentralen stadfestar at det er ein hydrant med lite trykk på, og at dette fører til problem med forsyning av vatn.

Brannvesenet dreiv med etterslokking utover natta. Klokka 04:45 dreiv dei framleis med etterslokking og oppsyn, ifølge politiets operasjonssentral. Branntomta må bli kjølt ned før teknikarar kan kome inn og gjere sine undersøkingar.

Har du tips? Kontakt oss på 95400400@smp.no

Smp.no kjem med meir