Oppbevarte nærare tre kilo narkotika - sa seg skuldig i retten

Ein 37 år gammal mann, busett i Volda, sa seg skuldig i totalt tretten tiltalepunkt då saka hans var oppe i Søre Sunnmøre tingrett onsdag.

Diskusjon Politiadvokat Yngve Skovly og forsvarar Morten Johan Bjønnes i samtale i Søre Sunnmøre tingrett onsdag.  Foto: Joachim Åsebø

Nyheter

(morenytt.no)Den tiltalte har vore ein kjenning av politiet på Austlandet, og fleire av lovbrota hadde skjedd tilbake i 2015. I juli og september 2015 var mannen stoppa av politiet, og han innrømte å ha rundt 320 gram amfetamin på seg. I mars i år vart mannen stoppa då han køyrde bil utan gyldig førarkort, og det vart avdekt av han hadde rundt 1,5 kilo amfetamin i bilen. I mars i år kom mannen med buss til Volda. Politiet hadde fått tips om mannen var på veg til Sunnmøre, og stoppa mannen etter at han hadde gått av bussen i Volda. Der innrømte mannen å ha rundt 525 gram amfetamin og rundt 525 gram hasjisj i bagasjen.