Ullensvang truleg tilbake i helga - har funne årsaka til krasjen

Om Sjøfartsdirektoratet gir grønt lys, kjem ferja Ullensvang tilbake i trafikk på Hareid-Sulesund-sambandet no i helga. Menneskeleg svikt var årsak til ulukka.

Truleg ferdig fredag Etter planen skulle Ullensvang få vatn under kjølen i løpet av fredagen, før den skulle testast - og settast ut i trafikk att på Hareid-Sulesund-sambandet. Her er ferja i dokka på Myklebust torsdag.  Foto: Marius Rosbach

Nyheter

Ferja har vore ute tre veker etter at den krasja i moloen på Hareid. Etter at delane omsider kom på plass til Myklebust-verftet i Sande, har sjølve reparasjonen gått raskt unna.