Dømd for kyrkjeskadar på Eid kyrkje

SKADAR Det vart gjort store skadar på orgelet i Eid kyrkje. ARKIVFOTO 

Nyheter

Ein mann busett i Volda er dømd til fengsel på vilkår og må dessutan betale erstatning etter skadeverk i Eid kyrkje i fjor haust, då han tømde brannsløkkingsapparat og øydela orgelet.

21-åringen vart funnen skuldig i både skadeverk og andre lovbrot, som innbrot, vald – og medisintjuveri på sjukehuset.


Omfattande hærverk i Eid kyrkje

Knuste orgel og spraya kyrkja ned med pulverapparat

Eid kyrkje har fått omfattande skade etter hærverk natt til torsdag. Rekninga kan ende på ein stad mellom 1,5 og 2 millionar kroner.

Straffa vart fengsel i eitt år og to månader, der han slepp å sone sju månader dersom han gjennomfører eit narkotikaprogram. For mannen fortalde at han har eit rusproblem. Alle lovbrota skjedde i rusa tilstand.

Han får også trekke frå dei 189 dagane han sat i varetekt.

Retten dømde vidare mannen til å betale 100.000 kroner i erstatning til Eid kyrkjelege fellesråd, og 683.798 kroner til Knif Trygghet Forsikring. Kravet frå forsikringsselskapet var 342.000 kroner høgare.

Tiltale: Ungdom får millionkrav etter å ha øydelagt kyrkjeorgel