Så langt i september har Meteorologisk institutt registrert 41,4 millimeter med nedbør på Sæbø i september. Rekorden er 47,8 millimeter, den blei sett i 1996. Målingane på stasjonen byrja i 1972.
Saman med Verdal, Bodø og Andøya
ligg det altså an til rekord denne månaden
, vel og merke om det ikkje kjem regn innan laurdag.
Onsdag morgon melder Meteorologisk institutt på Twitter at stabile høgtrykk i aust gir godt vêr i Nord-Norge til over helga, mens lågtrykk kommer med regn i sør.
Sæbø og Sunnmøre ligg på grensa mellom høg- og lågtrykk. Ifølgje yr.no er det førebels ikkje meld om nedbør dei neste dagane, sjølv om det er meld meir skyer enn tidlegare i veka.
Ifølgje Møre-Nytt så trur heller ikkje vêrobservatør Endre Standal på meir regn denne månaden.
Varmt på Vestlandet: Varmerekord i Bergen i september