Det kan bli hurtigbåtrute mellom Ålesund og Øye i Hjørundfjorden allereie frå neste år.

Reiarlaget The Fjords, som også står bak ferjene mellom Hellesylt og Geiranger, har søkt om konsesjon.

– Vi ser i første omgang for oss at dette blir ei rute som går i sommarmånadene juni, juli og august, og at ruta blir knytt saman med ferjene våre med buss gjennom Norangsdalen, seier Rolf Sandvik. Han er adm.dir. i The Fjords – eit selskap som Fjord 1 eig 50 prosent i.

– Kvifor ikkje gå rett frå Ålesund til Geiranger?

– Det er for langt. Dessutan vil jo turistane då gå glipp av Norangsdalen, svarer Sandvik.