Fra Geiranger til Ålesund:

Cruiseskip måtte snu - etterlyser kai

Torsdag snudde eit cruiseskip på veg inn til Geiranger på grunn av sterk vind. Det same skjer fredag. Einaste løysing er å bygge kai, seier losveteran.

SNUDDE: Cruiseskipet «Magellan» droppa torsdag Geiranger på grunn av sterk vind i cruisebygda, og gjekk i staden til Ålesund. Fredag vil det same skje med cruiseskipet «Columbus», som i staden for Geiranger går til Olden. FOTO: STAALE WATTØ 

Nyheter

– Det vart onsdag bestemt at «Magellan» ikkje skulle gå til Geiranger dagen etter fordi det var meldt sterk vind, fortel Torill Havnerås i cruiseagenten European Cruise Service.