Tok ned bommen med to bilar utpå ferjelemmen

– Skremmande, seier eit vitne om den spesielle situasjonen.

Ikkje heilt enkelt å vite kva ein skal gjere når bommen bak går ned og ferja tek av mot Sulesund. To bilar måtte fint vente torsdag morgon.  Foto: PRIVAT

Då Høgsfjord kom, måtte bilane rygge tilbake først.  Foto: PRIVAT

Trasig situasjon.  Foto: PRIVAT

  Foto: PRIVAT

Nyheter

Då bilferja «Tidefjord» gjekk frå Hareid klokka 08.30, vart to bilar ståande utpå ferjelemmen.


Føraren: – Ein situasjon eg aldri hadde drøymt om å kome i

– Dette var ein situasjon eg aldri hadde drøymt om å kome i, seier føraren av den eine bilen som blei ståande fast på ferjelemmen.

Så vart bommen teken ned bak dei, og dermed var bilane fanga til neste ferje kom.

Eit vitne fortel til Sunnmørsposten at det var skremmande og sjokkerande å sjå hendinga.

– Eg forstår ikkje at dette er praktisk muleg å ha to bilar ståande der, medan ferja tek opp fallemmen og legg ned bommen bak. Om desse bilane hadde reist på sjøen, så hadde ikkje ferja reagert då heller, meiner vitnet.

Den fremste bilen skal også ha rygga inni den bak.

– Trudde vi hadde prøvd alt

– Ferja «Høgsfjord» kom eit kvarter seinare. Då vart det trangt, men dei fekk opp bommen, og bilane måtte rygge tilbake slik at «Høgsfjord» kunne tømmast først.

Regionsjef Inge Andre Utåker i Norled hadde ikkje høyrt om saka då Sunnmørsposten tok kontakt ved lunsjtider torsdag.

– Eg trudde vi hadde prøvd alt eg, seier Utåker.

Legg seg flat

Ferjesambandet Hareid - Sulesund har ikkje vore heilt fri for ulike problem dei siste åra. Mellom anna har ferja gløymd å sleppe av bilar ståande på lågaste dekk. Ferja Ullensvang har også nyleg kollidert i området.

– Eg har sett bileta. Det har vore vaktskifte, så dei som er om bord no kjenner ikkje til saka. Men det er ikkje vits å bortforklare dette. Det er sjølvsagt feil, og vi skal ikkje ha det slik. Prosedyrene er ikkje følgd, og dette kan ikkje skje fleire gonger, seier Utåker.

Raudt lys? 

Oppdatering: Torsdag kveld har Utåker undersøkt saka litt nærare.

– Eg har ikkje fått den endelege rapporten om hendinga. Men det som sannsynlegvis har skjedd, er at bilane har køyrd forbi eit raudt lys. For i den augneblinken dei om bord trykker på knappen som tek ned bommen, skal det også lyse raudt. Men heilt sikker er eg ikkje, seier Utåker.

– Det betyr jo ikkje at vi er friteken frå å følgje med på det som skjer. Det skulle vi ha gjort her. Men jobben vår blir jo verre viss ikkje folk respekterer lysa.

Ekteparet i første bilen som ikkje kom på ferja seier til Sunnmørsposten at lyset var grønt då dei køyrde ut på ferjelemmen.

Dei fortel også at der var mannskap om bord på ferja som såg at bilen stod att på lemen medan ferja la frå kai.