Ulstein på landstoppen i arbeidsløyse - Knut gjekk frå olje til fisk

Knut Kleiven er ein av mange i lokalsamfunnet som er råka av arbeidsløyse dei siste åra. Men han opplever at det er vanskeleg å snakke om utfordringane ein møter.

Uvissa Få månader før Knut Kleiven skulle bli far for 2. gong blei han arbeidsledig. – Uvissa er det verste, seier 46-åringen som fekk seg ny jobb etter eitt år. Å snakke om økonomiske utfordringar som følgje av arbeidsløysa, opplever han er eit tabu.   Foto: Marius Rosbach

Det at ein ikkje veit kva som vil skje og lever i uvissa er det verste

Knut Kleiven
Nyheter

– Det ikkje noko kjekt å vere heime ufrivillig. Det at ein ikkje veit kva som vil skje og lever i uvissa er det verste, seier 46-åringen frå Ulsteinvik.