To grupper har vanskeleg for å få jobb:

Ulstein-ordførar vil behalde krisehjelpa

Spesielt to grupper har no vanskeleg for å få jobb – flyktningar og unge. Ulstein-ordførar Knut Erik Engh (Frp) jobbar for å behalde tiltakspakka dei har hatt siste åra.

Tiltakspakke I år fekk Stordal, Haram, Hareid, Ulstein, Herøy, Sande og Ålesund til saman 17,5 millionar i ekstra tilskott fordi dei hadde høg arbeidsløyse. Ordførar Knut Erik Engh i Ulstein ønskjer ordninga vidareført. Arkivbilde  Foto: Knut Arne Aarset

Nyheter

Ut frå signala ligg det an til at den såkalla tiltakspakka frå regjeringa, ikkje blir vidareført når regjeringa legg fram forslag til statsbudsjett 12. oktober. Det likar Frp-ordførar Knut Erik Engh dårleg.