Herøy kommune fekk asbestbot på 200.000 – risikerer dagbøter i tillegg

Etter at fleire personar blei utsette for asbest under rehabilitering av Bergsøy skule måtte Herøy kommune betale ei bot på 200.000 kroner. No risikerer kommunen dagbøter i tillegg.

Asbest Det er strenge reglar for handtering av asbesthaldige materiale. Bergsøy skule avdeling Borga er bygd i ei tid då det var lovleg med asbesthaldige byggemateriale.  Foto: HERØY KOMMUNE

Nyheter

I fjor haust fekk Arbeidstilsynet ei uromelding om mogleg ulovleg asbestarbeid ved rehabilitering av Bergsøy skule, Borga. Tilsynet avdekka etter kvart fleire brot på arbeidsmiljølova.