Utvik-flaumen:

Betaler halvparten av flaumkostnadane i Nordfjord

Regjeringa betaler over 35 millionar kroner til Sogn og Fjordane etter flaumen i Utvik og Breim i juli.

Flaumen reiv med seg brua over fylkesvegen i Utvik 24. juli.   Foto: Knut Arne Aarset

Nyheter

Det melder NRK Sogn og Fjordane torsdag ettermiddag.

Store nedbørsmengder 24. juli i sommar førte til store skader i dei to Nordfjord-bygdene. Fylket og kommunar bad om 67 millionar kroner etter flaumen, regjeringa dekker altså 35 millionar.

Fylkesordførar Jenny Følling er glad for pengane, men seier til NRK at dei berre hjelp eit stykke på veg:

– Dette vil hjelpe, men det er klart at når vi får så store skader så er ein eigendel på 28 millionar kroner mykje pengar, seier ho.


Flaumen herjar i Nordfjord - vegar stengt og bygningar øydelagd

Store nedbørsmengder det siste døgnet har gitt utfordringar – i første rekkje i Nordfjord.

Skadane etter flaumen var store. Berre skadane på fylkesvegnettet i Utvik kom på minst 50 millionar kroner. Finans Norge har tidlegare meldt om eit kostnadsanslag på 70 millionar kroner på private eigedomar, fordelt på nær 130 skader.
Sunnmørsposten ønsker en åpen og saklig debatt. Alle innlegg blir kontrollert etter publisering. Vi forbeholder oss retten til å forkorte, redigere og fjerne innlegg.
Nyheter