Møre-Nytt Widerøe har opplevd sterk trafikkvekst over Ørsta–Volda, lufthamn så langt i år. Per 30. september var veksten på 6,5 prosent. Til og med september var det 81.093 passasjerar som har reist til og frå flyplassen, inkludert transfer så langt i år. Ørsta-Volda lufthamn er no den flyplassen med mest trafikk av kortbaneflyplassane på Vestlandet.

Den nye rundturen er på dagtid. Det vert sett opp ein ny avgang frå Oslo kl. til Ørsta-Volda via Sandane kl. 11.00, og med retur direkte til Oslo kl. 13.00. Dette gjeld måndag til og med fredag, og dessutan søndagar.

Seks direkteavgangar

Ørsta-Volda lufthamn, Hovden, vil dermed ha seks direkteavgangar til Oslo dagleg på kvardagane.

– Det er ein kombinasjon av gode trafikktal og etterspurnad frå næringsliv og andre lokalt som gjer at vi set inn denne nye rundturen, fortel informasjonssjef Catharina Solli i Widerøe.

Ikkje sidan strekninga Oslo–Hovden vart kommersialisert, har det vore like mange avgangar.

Det var frå 1. april 2016 at statsstøtta forsvann for rutene mellom Hovden og Oslo. Det medførte rutekutt og ein auke i prisane. Med den nye ruta, er Widerøe tilbake på det same rutetilbodet som selskapet hadde før Oslo-ruta vart kommersialisert.

– Med den utviklinga som har vore til og frå Hovden i år, bestemte vi oss for å finne ut kva vi skulle gjere. Det handlar om korleis vi skal utnytte kapasiteten på fly og mannskap, og få dette til å gå i hop, seier Solli.

Saka blei først publisert på morenytt.no