Heimbygda feira MGPjr.-vinnar Oselie  

Det var MGPjr.-bonanza i Operahuset på Eid måndag kveld då Oselie Henden (14) vart feira etter alle kunstens reglar med festtalar, marispankake, gåver og full jubel.  
Nyheter

Og jammen dukka ikkje Vilde & Anna også opp. Då Oselie Henden vart utropt til vinnar i Telenor Arena seint laurdag kveld skjedde det utrulege at MGP.jr.-vinnaren kom frå Eid for andre år på rad. Det er ein kommune med vel 6.000 innbyggjarar, men med eit rikt musikkliv der kulturskule, operahus og rockefestival står sentralt, og der ikkje minst musikk og kultur har ein viktig plass både i grunnskule og vidaregåande skule.