– Eg er eigentleg imot dette, men vi skal sjølvsagt sortere avfallet. Vi har øvd på dette i fleire veker, seier Ragnhild Honningsvåg på Valderøy.

Farleg avfall

Saman med bossdunkane kjem det også ein raud boks. Den skal gjere det enkelt å oppbevare miljøfarleg avfall.

– Dette var eg ikkje klar over, seier Honningsvåg.

– Boksen er for lyspærer, batteri, små-elektronikk, måling, løysemiddel, sprayboksar, olje og anna farleg avfall, forklarer Tom Haugen frå Årim.

Slepp unna med tre dunkar

Det har blitt reagert på at alle dunkane kjem til å skjemme ut hus og hagar.

– Nei, det går fint, vi har garasje med god plass, seier Ragnhild Honningsvåg.

Likevel skal ho snart levere tilbake dunken med grønt lokk. Ho vil heller skaffe seg ein kompostbinge for matavfall.

– Det gir god jord til hagen. Og så slepp vi at matavfallet står og luktar, seier ho.

Den som har godkjend kompostutstyr og signert kompostavtale får dessutan ein brukbar rabatt på renovasjonsavgifta. I Giske er det 30 prosent og i Ålesund nesten 50 prosent rabatt, opplyser Ingeborg Ukkelberg i Årim.

Fellesdunkar

Dei som vil kan samarbeide med naboane og få større dunkar til felles bruk.

Også det gir rabatt på renovasjonsavgifta. I Giske er det 30 prosent rabatt.

Standard dunkar er på 140 liter. Alternativa er 240 liter, 360 liter og 660 liter.

– Avtale om dette kan anten gjerast før vi kjem ut med dei nye dunkane, eller det kan ordnast i etterkant, seier Ingeborg Ukkelberg i Årim.

Berre noko tull?

Ikkje alle kjem til å bry seg med å sortere, trur Ragnhild Honningsvåg på Skjong.

– Enkelte seier at dette berre er noko tull, og at alt blir brent på same plassen likevel.

Sjølv er visst Honningsvåg ikkje sikker på kva ho skal tru.

Mat blir gjødsel

Debatten har gått i eit år: Kvifor må vi ha to bossdunkar til?

– Det store plusset er at matavfallet blir god gjødsel. Vi tar vare på næringsstoffa, og fosfor står på EU si liste over stoff som er ein kritisk ressurs i verda i dag, seier Ukkelberg.

I tillegg blir det laga biogass til drivstoff.

Klokkeklar

– Kvifor skal vi ha ein dunk for metall og glas når Bingsa faktisk har eit sorteringsanlegg som gjenvinner metallet?

– Her er det allereie bygt opp eit lager for rundt ti års bruk framover. Dei som gjenvinner metallet er også klokkeklare: Særleg for aluminium går mykje av materialet anten tapt eller får dårlegare kvalitet i forbrenningsomnen. Det er nok heller ikkje maisboksane som finansierer sorteringsanlegget, seier Ukkelberg.

Frå før blir plasten sendt til Tyskland og brukt i nye plastprodukt. Papir og papp blir sendt til Nederland og gjenbrukt der, seier ho.

– Folk som er usikre må gjerne kome på besøk, så skal vi ta ein runde og sjå kva vi faktisk gjer, seier Ingeborg Ukkelberg hjå Årim.

LES MER OM RENOVASJON HER

Boks for Farleg avfall: Sjåfør Tom Haugen (t.h) og Richard Flåte frå Årim forklarer. Foto: Staale Wattø
Ingeborg Ukkelberg er kommunikasjonssjef i Årim. Arkivfoto Foto: Staale Wattø