Stryn:

Forlenga varetektsfengsling etter minibankinnbrot

Tre menn frå Romania som er sikta for i alt fem minibankinnbrot i Norge, eitt av dei i Stryn, har alle fått forlenga varetektsfengslinga til 26. februar.

Bilde frå overvakingskameraet i Sparebanken Vest viser to av dei tre mennene som er tiltalte for innbrot. 

Nyheter

(Fjordingen:) Rettssaka mot mennene skulle etter planen gå denne veka. Men saka vart utsett då tiltalen vart utvida og mennene no også er tiltalte for å vere del av ein organisert kriminell gruppe. Forsvararane bad om meir tid for å setje seg inn i nye dokument som følgje av utvida tiltale. No er saka beramma til 26. februar, og det er sett av fem dagar til saka.