Vartdal:

Ørsta kommune må ut med mange millionar for å lyse opp stat- og fylkesvegar

– Det er utruleg uheldig at strekningar vert liggjande mørklagde no i mørkaste haustmørket.

Vartdal: Her gjennom Vartdal sentrum har det vore mørklagt i vekevis – etter at feil på gatelysa langs E39 ikkje har vorte retta opp. – Svært uheldig, seier vartdaling og kommunepolitikar Hans Olav Myklebust. Han har sett saka på den politiske dagsorden. 

Nyheter

Kritisk Teknisk seksjonsleiar Rolf-Magnus Sundgot i Ørsta kommune meiner det er svært uheldig at kommunen må koste nye gatelys langs vegar som fylket og staten eig. 

Dette seier teknisk sjef Rolf-Magnus Sundgot i Ørsta kommune til Sunnmørsposten. Han har sett seg ekstra grundig inn i problematikken kring gatelys, etter at dette bokstaveleg tala har vorte ein stor problematikk nettopp i Ørsta kommune.

Det var tidlegare ordførar Hans Olav Myklebust (Frp) som reiste eit grunngjeve spørsmål til ordførar Stein Aam (Sp). Myklebust viste mellom anna til at ei strekning med heile 20 lyspunkt gjennom sentrum av Vartdal har vore totalt mørklagd i fleire veker. Myklebust har undersøkt også andre stader i kommunen, og funne liknande tilstandar.