Kleven med avtale på nytt diamantskip

Skipsbyggjerkonsernet Kleven kunne feire dobbelt på måndag.
Nyheter

Måndag klokka 11 var det kalla inn til allmøte ved Kleven-verftet i Ulstein. Berre seks dagar etter at konsernet offentleggjorde ei kontrakt på bygging av eit ekspedisjonsfartøy - hadde konsernsjef Ståle Rasmussen meir godt nytt å fortelje.

Konsernet har sikra seg ein intensjonsavtale for å byggje eit nytt skip. Kunden er De Beers Marine Namibia og skipet skal nyttast til gruvedrift på havbotnen.

Rekordstort

Rasmussen påpeika at det ikkje var ei endeleg kontrakt, men kunne opplyse at De Beers var svært nøgd med det første skipet dei fekk levert i 2016. Difor håpar Rasmussen at avtalen skulle bli til ein endeleg kontrakt i løpet av første halvår 2018.

Kontraktsverdien er ikkje opplyst, men det førre skipet skal ha kosta kring 1,3 milliardar med dagens dollarkurs, ifølgje heimesida til De Beers.

Det 176 meter lange og 27 meter breie fartøyet er betydeleg større enn det førre skipet verftet bygde for same kunde, og det største Kleven har bygd i nyare tid.

Jobb for Herøy-designarar


Ulstein-skip vann langtidskontrakt i Nordsjøen

Det Ulstein-eigde skipet «Blue Queen» har fått ei seks-årskontrakt i Nordsjøen.

Designen på diamantskipet vert levert av Marin Teknikk i Herøy. Også for designselskapet er skipet det største dei har jobba med.

Administrerande direktør Svein-Rune Gjerde fortel at jobben betyr mykje for selskapet, som skal levere ei omfattande såkalla engineering-pakke til skipet.

Trass i at det «berre» er ein intensjonsavtale, har dei uansett betalt for jobben dei gjer med skipet det neste halvåret.

– Det betyr at mange av våre ingeniørar og tilsette, både ved hovudkontoret i Dragsund, og ved våre kontorer i Szczecin og Gdansk i Polen vil bli engasjerte i å utarbeide berekningar og teikningar.

Byggjer luksusyacht frå botnen

Det var tysdag førre veke Kleven kunne fortelje om ein ny kontrakt på ein luksusyacth i samarbeid med Lürssen. Dei tyske yachtbyggjarane kjøpte seg tidlegare i år inn i Kleven, saman med mellom anna Åge Remøy og Petter Stordalen.

Men arbeidarane og konsernsjefen hadde heller ikkje teke seg tida til kakefeiring for yachtavtalen - og måndag formiddag var kakene komen på bordet i hovudkantina.

– Alt stålet skal byggjast her på Kleven, så skal det flyttast til eit verft i Hamburg for slutturusting, fortalde Kleven-sjef Ståle Rasmussen.

Det betyr mykje for sysselsettinga ved verftet og arbeidet med yachten er allereie i gong på Kleven.

Det er Salt Ship Design som har designa ekspedisjonsskipet, som blir meir enn 100 meter langt.

Utanfor tek den første av hurtigruteskipa form, medan det var gjort klar for kakefeiring i kantina på Kleven.  Foto: Marius Rosbach