Arbeidet med å byggje ny ferjekai og oppstillingsareal på Sulesund er godt i gang.

Oppstart var 1. september og førebels er det grunnarbeid entreprenøren driv med:

- Dei siste vekene er det utført sprengingsarbeid tett mot trafikkert veg, og difor har arbeidet blitt tilpassa ferjeavgangane. Steinen som blir sprengt ut - til no 14.000 kubikkmenter, blir brukt til å lage ei fylling i sjøen, går det fram av ei pressemelding frå Statens vegvesen.

- Ferjetrafikken har gått som normalt, og ein har forlenga oppstillingsfilene mellombels med rundt 120 meter austover mot Sulavegen, heiter det vidare.

Sprengingsarbeidet ved oppstillingsplassen for ferjekøa er venta å vere ferdig før jul, og då skal entreprenøren halde fram med sprenging i sjøen. Etter nyttår startar ein vidare med betongarbeid for landkaret, og i februar skal ein gjere pelearbeid frå flåte. Nærmare våren blir maskinene flytta opp i fjellsida for å lage rasvollar.

Arbeidet skal vere ferdig 1. januar 2019. Då kjem det tre nye elektriske ferjer på sambandet Sulesund - Hareid.