Volding fekk jazzpris

Lars Ove Fossheim frå Volda er tildelt Trondheim Jazzfestival sin talentpris.

PRISVINNAR Lars Ove Fossheim frå Volda.  Foto: ARKIVFOTO

Nyheter

Prisen er støtta av NTNU og er på 20.000 kroner.

Juryen, som har bestått av Kirsti Huke, Eirik Hegdal og Petter Vågan, skriv mellom anna dette om Fossheim:

– Trondheim Jazzfestivals talentpris 2017 går til ein spennande musikar med stor stilistisk breidde. Han inntek ein naturleg, velfundert og moden musikalsk plass i alle prosjekt han involverer seg i, med ein særeigen stemme som rettar blikket framover.

Lars Ove Fossheim gjekk ut av Jazzlinja i 2009, og har gjort seg bemerka i band som Your Headlights Are On, Skadedyr, Snøskred, Stina Stjern og Broen. I tillegg har han spelt med samtidskomponistar som Pauline Oliveros, Christian Wolff, Jennifer Walshe og Rhys Chatham.