Overfallsaka i Volda:

Ankar fengsling til lagmannsretten

Mannen som er varetektsfengsla og sikta for overfall i Volda i helga, har anka avgjerda til lagmannsretten.

Det skal vere i ein hybel i Halkjelsgata i Volda ei kvinne vart skadd natt til søndag. Ein mann er sikta etter hendinga.   Foto: Knut Arne Aarset

Nyheter

– Han erkjenner ikkje straffskuld og har anka til lagmannsretten, seier advokat Torgeir Langva, som er forsvarar for mannen som er sikta i saka.

I Sunnmøre tingrett torsdag blei mannen varetektsfengsla i fire veker, med brev- og besøksforbod. Frostating lagmannsrett skal no ta stilling til spørsmålet, og ifølgje Langva er det ikkje venta noko avgjerd der før over helga.

Mannen er sikta for grov kroppskrenking etter overfall mot ei kvinne i Volda natt til søndag 3. desember.



Overfallet i Volda:

Ein mann er varetektsfengsla i fire veker med brev- og besøksforbod

Mannen som vart sikta for grov kroppskrenking etter overfallet på ei ung kvinne i Volda natt til søndag 3. desember er varetektsfengsla i fire veker med brev- og besøksforbod, skriv politiet i ei pressemelding.



Har sjølv opplevd to innbrot mot studenthyblar i eigen heim

– Svært guffent å oppleve

– Når ein veit kor ille eit vanleg innbrot opplevast, kan ein berre med gru tenkje seg det å bli overfallen i sine eigen heim.

 


Mann sikta etter overfallet i Volda

Ein mann i slutten av 20-åra er pågripen og sikta for grov kroppskrenking etter overfallet på ei unge kvinne i Volda natt til søndag.