Etter eit halvt års pause blir det igjen innført eigedomsskatt i Sykkylven frå 1. januar 2018.

Vedtaket vart fatta tysdag i kommunestyret, mot to røyster frå Høgre, og seks frå Frp.

Avslutta sist sommar

Det var i sommar, etter eit benkeforslag, at eigedomsskatten vart fjerna i Sykkylven, med berre ei røyst i overtal.

– Vi som føreslo eigedomsskatt på nytt likar ikkje denne skatten. Men vi ser at kommunen får store utfordringar framover med å få økonomien i balanse, seier ordførar Odd Jostein Drotninghaug (Sp).

Dei fleste har

Han legg til at 85 prosent av kommunane i Norge har innført eigedomsskatt.

– Vi har dessutan vedteke eit botnfrådrag, sett til 2,2 millionar kroner. Vi har også unnateke næringseigedommar.

Eigedomsskatten i Sykkylven har ein sats på to promille.