Utviklinga med at fleire alvorlege saker hamnar i konfliktrådet held fram på Sunnmøre. Valdssaker utgjorde 28 prosent - eller om lag ein av tre saker som blei tilvist i fjor. Også skadeverk og økonomiske konfliktar auka i 2017.

Saksmengda som blei tilvist konfliktrådet auka i fjor og sakene blir meir komplekse og alvorlege, opplyser konfliktrådet på Sunnmøre i ei pressemelding.

I alt blei 216 saker tilvist til konfliktrådet på Sunnmøre i 2017, ei auke frå 192 frå året før.

Av dette var det flest valdssaker – heile 61 saker. Fleire av valdssakene omhandla vald i nære relasjonar der slag, spark og psykisk vald var typiske ingrediensar.

To av tre er straffesaker

Ulike krenkingar er ein type saker som har høg grad av kompleksitet og alvor. Blotting og deling av nakenbilde på internett, var tema i fleire av desse sakene, ifølgje pressemeldinga.

I alt 139 straffesaker blei overført frå påtalemakta i løpet av fjoråret, og 77 sivile saker frå andre. I sistnemnte kategori er gjerne nabokonfliktar og mobbesaker typiske døme på saker. Nasking, narkotikalovbrot og familietvistar er andre type saker som blir handtert i konfliktrådet.

Alternativ til straffesaker

I konfliktrådet vert det lagt til rette for at dialog mellom dei involverte i saka kan skje på ein trygg måte. Det er frivillig å møte i konfliktrådet, og det blir gjort førebuingar gjennom individuelle samtalar før sjølve meklingsmøtet mellom partane kjem i stand.

– Konfliktrådet erfarer derfor at mekling og tilrettelagte samtalar kan vere eit godt alternativ til vanleg straffesaksbehandling. Dette gjeld både for gjerningsperson, offer og pårørande som er råka av den kriminelle handlinga, heiter det i pressemeldinga frå konfliktrådet.

Fleire saker frå politiet

På landsbasis er det i alt er det registrert 7.718 saker hos dei 22 konfliktrådene i løpet av 2017 – mot 7.417 året før.

Auken på fire prosent skuldast i hovudsak at politiet sender over fleire saker til mekling enn tidlegare.

Også på landsbasis er vald den største sakstypen, medan det er registrert ei markant auke i antall sakar med seksuelt innhald dei siste åra.