Ein mann i 20-åra er dømd til 18 dagar fengsel for promillekøyring på ein veg i Sande kommune i haust. Han må også betale 45.000 kroner i bot.

Ifølgje dommen frå Søre Sunnmøre tingrett hadde mannen høg promille på køyreturen, som enda med eit trafikkuhell i firetida natt til ein søndag i oktober.

Mannen skal sjølv har ringt politiet og fortalt om ulukka, noko retten har merka seg som formildande. Han får også strafferabatt for tilståing.

I dommen går det fram at mannen hadde 1,33 i promille to timar etter ulukka. Retten meiner mannen utsette både seg sjølv og andre trafikantar for stor risiko og har sett tapsperioden for førarkortet til to år. Han må ta full ny førarprøve for å få førarkortet tilbake.