Ein mann i 20-åra må vente seg eit oppgjer meg politiet i etterkant av ein politikontroll i Mauseidvåg i Sula tirsdag.

Det var fleire forhold som ikkje var heilt etter boka.

– Forsøk på å unndra seg kontrollen, køyring utan gyldig førarkort og køyring i ruspåverka tilstand, opplyser Møre og Romsdal politidistrikt på Twitter.