Vedtaket vart fatta med seks mot tre røyster. Dei seks som utgjorde fleirtalet var representantane frå Høgre, Frp, KrF og Venstre – medan Ap og Sp sine folk gjekk imot nedlegging.

Mindretalet ville heller redusere skulebudsjettet på fleire punkt, ikkje minst ved å gjere Tandstad skule om frå firedelt til tredelt skule.

Skulesaka får stor merksemd i Sykkylven, og heile 60 tilhøyrarar var på plass. Difor vart møtet flytta over til kulturhuset, så alle skulle få sjå og høyre kva som vart sagt og vedteke.

Måndag vart det halde eit etableringsmøte for ein privatskule i Straumgjerde, og dei vil no sende inn søknad.