Nominert til fylkestinget

NOMINERT: Aurora Dimmen Bratli (19) og Jakob Vorren (23).   Foto: AUF

Nyheter

Aurora Dimmen Bratli (19) frå Ulstein vart, saman med Jakob Vorren (23) frå Sunndal, nominert som AUF sine kandidatar til fylkestinget under årsmøtet i Kristiansund førre helg. Det opplyser AUF i ei pressemelding.

– Eg er veldig takknemleg og glad for at AUF ønskjer at eg skal verte deira kandidat til fylkestinget. For meg er det viktig at unge òg er representert når avgjerder om kvardagen deira skal takast, seier Bratli.

Bratli, som vaks opp i Ulsteinvik, er særs oppteken av næringslivspolitikk, og at det skal være nok lærlingplassar til yrkesfagselevane i fylket.

– Det er avgjerande at alle som vil ta fagbrev skal få moglegheita til det. Det vil vere viktig for meg om eg kjem inn på fylkestinget, seier ho.

AUF skriv vidare i pressemeldinga at dei no håpar at Arbeidarpartiet lyttar til framtida, og at dei sikrer at det kjem inn fleire unge røyster på fylkestinget i 2019.