Den siste betalande, og den første trafikanten som køyrde gratis, fekk blomster av styreleiar Rune Rokstad i Sykkylvsbrua AS.

– Dette var ei feilberekning. Klokka mi gjekk litt for raskt, for eg hadde tenkt å bli den første som køyrde gratis, ler Jens Kurseth frå Hundeidvik.

Vart historiske

Så i staden vart han og kona Marion dei siste som måtte betale bompengar på brua. Og då vart dei historiske likevel.

Historiske vart også ekteparet Kåre og Kari Støylen frå Straumgjerde.

For dei var dei første som passerte gratis over brua.

– Det var nokså tilfeldig, eigentleg. Det var iallfall langt ifrå planlagd, seier Kåre Støylen.

Han legg til at det var på tide at brua vart gratis no, etter over 17 år med bompengeinnkrevjing.

LES OGSÅ: - Brua var avgjerande for at vi flytta frå Ålesund og tilbake til Ikornnes

Beste som har skjedd

– Dette er det beste som har skjedd her på lenge, seier Jens Kurseth, sjølv om han altså måtte punge ut denne gongen, også.

– Brua er viktig for oss, og eg har ikkje hatt noko imot å betale bompengar, skyt kona Marion inn.

Begge ektepara fekk blomster av Rune Rokstad, styreleiar i Sykkylvsbrua AS.

Han brukte store ord onsdag:

– Vi har i dag avslutta den største dugnaden i kommunen si historie.

– Folk begynte å bli utolmodige no?

– Ja, det var meininga å betale ned brua på 15 år. Men det vart litt over 17 år. For det første vart brua litt dyrare enn rekna med, og for det andre kom det ein del ekstrautgifter.

Rokstad fortel at Sykkylvsbrua var dei første til å innføre autopass køfrisystem.

– Det kosta langt meir å drifte i året enn vi hadde rekna med, legg han til.

Song for brua

Skuleborn frå Sørestranda skule sette farge og tonar på festdagen i Sykkylven ved å framføre song, og vifte med norske flagg.

Og etterpå var det som vanleg kaffi og kaker – og pølser.