Må kutte mellom ti og 20 millionar neste år:

Kan bli aktuelt med sluttpakkar for tilsette i Ulstein

Ulstein kommune skal klare å kutte ti millionar kroner i år og 20 millionar neste år, men ikkje utan å redusere talet på tilsette.

omstilling: Ulstein kommune gjer klar for omstilling. Kraftig svikt i skatteinntekter fører til at kommunen no ser på korleis dei kan kutte kostnader og samtidig ha fokus på utvikling av tenestene. Arkivfoto: Knut Arne Aarset 

Nyheter

–Det er lite realistisk å nå innsparingsmålet utan å redusere bemanning. Det er det ikkje mange kompetansebedrifter som får til med den svikten vi har hatt i skatteinntekter siste åra, skriv rådmann Einar Vik Arset i saksframlegget.