– Desse banene er fullt på høgde med det vi tidlegare har kjøpt i utlandet – kanskje til og med betre, seier Bjørn Oskar Haukeberg, dagleg leier i Sunnmøre Fotballkrets.

– I tillegg så er vantet rundt banen av aluminium, ikkje plast. For det er eit generelt ønske om å redusere plastbruken, legg han til.

I fjor vart det kjøpt liknande baner til klubbar i heile Møre og Romsdal, baner som skal nyttast i fotballforbundet si nye satsing: 3-er fotball for seks-sju-åringar.

3-er fotball blir truleg standard for dei yngste klassene i heile Norge frå 2019.

I førarsetet

Og ingen andre fotballkretsar har fått på plass så mange slike baner som nettopp Sunnmøre – og Nordmøre og Romsdal.

– Dei banene som vart kjøpt inn i fjor var laga i Tsjekkia. I ettertid har Simek kome på banen med sitt produkt, seier Haukeberg.

Det stadfestar Asle Olsen, dagleg leiar i stordalsbedrifta:

– Vi leverer komplette baner med mål og eit vant i norsk aluminium. Utstyret kan settast på både naturgras og kunstgras. Etter bruk kan det leggast saman og trillast ut. Alt får plass på ei vogn, forklarer han.

Banen er 10 gonger 15 meter. Vantet er ein halv meter høgt.

– Poenget med vantet er at ballen skal vere i spel mest mogeleg, legg Haukeberg til.

Simek er opptekne av at dei nyttar resirkulerbart materiale. Når banen er blitt utslite, kan den leverast tilbake til Simek for gjenvinning.

Kor mange baner dei skal lage i Stordal, er ikkje klart.

Får tilbod

I desse dagar sender Sunnmøre Fotballkrets ut brev til alle klubbar med tilbod om å kjøpe. Banene er sterkt sponsa av Sparebanken Møre, slik at prisen blir overkommeleg.

– Vi håper at vi får mange kundar her på Sunnmøre, og etter kvart også i resten av landet. Dette kan bli eit viktig produkt for oss, og føre til fleire arbeidsplassar i Stordal, trur Asle Olsen.

Simek har dei siste åra satsa på produkt til sport og idrett

Mellom anna er dei ei av få norske bedrifter som lagar store fotballmål.

Og ikkje minst har dei levert heilårs K8-hoppbakkar til store delar av landet – i samarbeid med Norges Skiforbund – Hopp.