Inge Kolås har siste året vore gjennom det kanskje dei færraste trudde om det solide byggjefirmaet hans: Konkurs og tap av ein handfull millionar kroner. Nødvendigvis har underleverandørar og andre dermed også tapt pengar på Kolås. Også eit hyttefirma gjekk med.

– Ja, slik vart det, dessverre. Eg hadde aldri trudd eg kunne hamne i ein slik situasjon, og eg sit att med ein tøff og dyrekjøpt lærdom. Mellom anna om ikkje å ta tilskot og ustadfesta utbetalingar for gitt. Det verste var at dette også måtte gå ut over tredjepart, stadfestar Kolås.

Spøkjelseshuset

For vel to år sidan kjøpte Inge Kolås det som vert kalla Erkegarden, på Åkre over Bjørke – inst i Hjørundfjorden.

Med det kjøpte han også det mange oppfatta som eit spøkjelseshus.

Bustadhuset var teikna av den særs kreative og formsikre tidlegare brukaren på garden.

Men så vart det store og ærverdige huset ståande tomt, i fleire tiår. Det likna stadig meir på ei spøkjelseshus, med knuste ruter og solsvidde timbreveggar.

Modellmakaren på utstilling

Sunnmørsposten var til stades og laga reportasje rett etter overtakinga, då arving og næraste nabo Ole Jørgen Mork gav frå seg barndomsheimen. Han er sjølv pensjonert modellmakar, mest frå møbelbransjen, og han har eit stort tilfang av minimodellar. Desse var avtalen at skulle få si eiga utstilling i kjellaren.

No syner det seg at tilfanget er langt større enn det kjøparen kunne ane.

– Ja, det er det verkeleg. Dermed blir dette no ei stor utstilling, som kan bli eit trekkplaster i kjellaren på bygget. Vi har fått 250.000 kroner til å planlegge og rigge opp utstillinga, fortel Kolås.

Han går altså på med krum hals igjen, men han fortel at dette prosjektet er privat og dermed fristilt frå byggefirmaet hans.

Ni giv

– Mange har lurt på om heile dette prosjektet skulle bli skrinlagt etter konkursane – og at huset igjen ville forfalle?

– Det kjem aldri til å skje. Eg har faktisk gjort ein heil del, sjølv om ikkje alt viser særleg godt att enno. Mellom anna er her lagt heilt nytt skifertak, det første og viktigaste med eit totalt restaureringsprosjekt. Vidare er her støypt ny tidsrett utvendig trapp, det er gjort konstruksjonsmessige forsterkingar og vurderingar. Vidare er dei fleste vindauge tekne ut, for restaurering ned til minste detalj. Dette utfører eg heime i Follestaddalen, fortel Kolås.

Ådringsmåling

Han opplyser at under rivinga av tapet i ei av stovene på huset, kom det for ein dag etter måten avansert ådringsmåling av veggane.

– Dette er svært uvanleg på hus ute på bygdene, og fagmann Kjell Arne Årseth frå Bondalen har vurdert målingsarbeidet til å vere av høgste klasse. Difor har vi søkt eige tilskot til å få restaurert denne målingsteknikken på staden, og vi har fått innvilga 250.000 kr i tilskot også til dette, fortel Inge Kolås.

Draumen om eit femroms hotell

– Men så – kva vil du eigentleg med dette huset?

– Det skal verte eit eksklusivt minihotell, med fem gjesterom. Den planen er heilt spikra, sjølv om ikkje huset er fullspikra enno, smiler Kolås.

Han fortel at han i eit par tiår har gått med ein draum om å kunne bygge noko etter eit slikt konsept, ein stad inst i Hjørundfjorden.

– Gjennom jobben min har eg jo reist svært mykje på kryss og tvers, både på Sunnmøre og i Nordfjord. Men ingen stader har eg fått den same sterke kjensla som her på Bjørke.

– Så då eg fekk kjøpe dette huset, på denne staden, ja då var eg lukkeleg, seier Kolås. Han er ikkje akkurat kjend for å sjå mørkt på eit restaureringsprosjekt, nesten same kor kolsvart det måtte sjå ut i andre sine auge. Det beste lokale eksempelet på dette er nok gjenoppbygginga av Bruksbutikken, rett ved Møre Folkehøgskule i Ørsta sentrum.

Trappa som vart eit symbol

Og frå nettopp det bygget fjerna Kolås ei svært solid etasjetrapp med sving, av tre. Handverk av klasse.

– Ho måtte ut, men var altfor god til å kaste. Så eg tok ho heim og lagra ho i løda i Follestaddalen. Då eg trengde ny trapp mellom hovudetasje og loft på Bjørke, tok eg mål og gjekk straks bort i løda for å sjekke då eg kom heim. Trappa høvde på centimeteren på høgda, og på halvegraden på svingen!

– Trappa var altså som spesialsnikra til Erke-stova. Då vart eg igjen lukkeleg. Slikt kan ein ikkje ta som anna enn eit godt teikn. Eit klapp på skuldra – og eit varsel om at ein er på rett veg, humrar Kolås. No finn han også inspirasjon i Knut Flakk si noko større satsing på nisjehotell. – Det gjer eg verkeleg!

Vil samarbeide med alle

– Når du ein dag vert ferdig med prosjektet, kven trur du vil leige rom her?

– Det trur eg kan bli mange typar folk. Ideen om eit femromshotell byggjer på ein modell utvikla i Lyngør, som har vore ein vilkårslaus suksess. Det er nettopp det eksklusive med få rom og lite hotell – men i storslått natur – som skal trekkje, trur Kolås.

Han ser likevel ikkje føre seg å arbeide som ein einsam ulv.

– Eg prøver å knyte meg til mange svært dyktige folk som no satsar her inne. Mellom anna får eg Bakketunet her som næraste granne. Og her er mange fleire andre som har spennande ting på gong, seier Kolås. Kongstanken hans no er at også Ørsta vil snu på flisa og slå seg saman med Volda og Hornindal i ein ny kommune. – Først då kan vi slå ut i full blomster, vurderer Inge Kolås.