Tre grunneigarar melde umiddelbart flytting tilbake til den fråflytta Yksnøya

– Eit hån å ta straumen

– Når nettoperatørane er så smålege at dei tek straumen frå oss - ja då flyttar eg heim til Yknsøya for å berge leveransen.

Den Siste – og den første: Sunnmørsposten var på reportasjereise i færing i 2007, og då trefte vi den siste med fast adressa på øya, Harald Yksnøy. Han flytta til Vartdal i 2010, men var den første til å melde flytting tilbake no når straumen frå fastlandet forsvann.  

Nyheter

Dette seier Harald Yksnøy (55), mannen som fram til 2010 var den siste fastbuande på vakre Yksnøya, ytst i Voldsfjorden. Øya ligg berre fire-fem steinkast frå granneøya Eika i Ulstein kommune, og ho har sidan 1951 hatt straumforsyning gjennom sjøkabel via fastlandet på Eika. I førre veke var det slutt, då rauk den sekstisju år gamle kabelen. Nettselskapet Mørenett kom raskt på banen, og i eit brev til Volda kommune vart det meir enn antyda at selskapet gjer seg klar til å søkje NVE om leveringsfritak til øya. Selskapet har også vore frampå og tilbode abonnentane på øya eingongskonpensasjon på 10.000 kroner kvar, til å kunne ordne med alternativ straum.