Slutt på nattstenging av Ålesundstunnelane frå 1. mars

Frå 1. mars (natt til 2. mars) blir det slutt på nattestenginga av Ellingsøy- og Valderøytunnelen frå kl. 24.00 til kl. 04.30.

  Foto: Illustrasjonsfoto: Iris Engen Skadal

Nyheter

– Frå midnatt til halv fem om morgonen blir det kolonnekøyring kvar heile time frå Ålesund og kvar halve time frå Valderøya, fortel assisterande prosjektleiar Arne Ola Stavseng.

Kolonnane går frå Ålesund kl. 01.00, 02.00, 03.00, 04.00 og frå Valderøya kl. 00.30, 01.30, 02.30, 03.30.

Elles blir trafikkavviklinga som før, kolonnekøyring med inntil 20 min ventetid frå kl. 20.00-24.00 og kl. 04.30 til 06.00. Tunnelane er open på dagtid får kl. 06.00-20.00.

Frå 1. mars blir det også nokre endringar av avgangane til hurtigbåten frå Godøya: Les meir her