Så mange innbyggjarar er vi

Folkeveksten i Møre og Romsdal er den lågaste på ti år.

Ålesund sentrum. Illustrasjonsfoto.  Foto: Staale Wattø

Nyheter

I Møre og Romsdal budde det 266.858 personar ved utgangen av 2017. Dette er ein vekst på 0,2 prosent, den svakaste sidan 2007, melder Møre og Romsdal fylkeskommune. På landsbasis var folketalsveksten i 2017 på 0,7 prosent. Det er den lågaste sida 2005.

Opp i ytre, ned i indre

Ålesund og omlandskommunane hadde den sterkaste veksten i folketal i fylket. Både i Sula og Giske var veksten 1,4 prosent. Sula har no 9.131 innbyggjarar og Giske 8.292.

I Ålesund vaks folketalet med 312, til 47.511.

I nest største kommune på nordre Sunnmøre, Haram, vaks folketalet frå 9.312  til 9.345. Ørsta, som er den mest folkerike kommunen på søre Sunnmøre, har no 10.812 innbyggjarar, opp 68.

Kommune for kommune: Så mange er vi no (ekstern nettside, tabell 2).

Nedgangen kom først og fremst på indre Sunnmøre. Stordal er under tusen innbyggjarar og har 972. Stranda gjekk ned med 36 innbyggjarar til 4.587. Ørskog gjekk ned med 29 til 2.267.


Redd butikkar forsvinn

Fleire butikkar på Stranda synest å slite med omsetninga.