– Vi såg at det var spor etter trekol nede i jorda, og varsla fylkeskonservatoren, fortel grunneigar Espen Rørvik.
– Det var heilt rett av dei å varsle. Det er slik vi ønskjer at folk skal gå fram, seier fylkeskonservator Bjørn Ringstad – og gjev ros til familien Rørvik.
Misoppfatting
Han seier at i dag er det ei misoppfatting ute mellom altfor mange at dersom ein gjer funn, stoppar alt arbeid opp og det blir dyrt for grunneigarane å få gjort pålagde undersøkingar.
– Slik er det svært sjeldan. I mine 30 år i denne jobben har eg aldri opplevd at dei som har meldt ifrå har fått lide for det. I dette tilfellet dokumenterer eg no funna, og så kan dei gjere ferdig grøftearbeidet sitt, forklarer Ringstad.
Det han kunne sjå i grøfta på Vigra denne veka var spor etter kokegroper eller eldstader. Og då han grov litt med skeia si, fann han også spor etter brente bein.
– Kokegropene er nok eit par tusen år gamle, trur Ringstad.
Dyrekjeve
I tillegg vart det funne restar av dyr, mellom anna ein kjeve – og det vart funne potteskår og trebitar. Men dette er neppe så gamalt.
– Desse kokegropene og eldstadene er ikkje unike for Sunnmøre. Det er gjort fleire slike funn. Men det er alltid viktig å få dokumentert funna, seier han.
Tre generasjonar Rørvik er med som guidar når Bjørn Ringstad undersøkjer grøfta nærare. Dei synest det er artig å gjere funn etter forfedrane sine.
Vil ikkje rasere
– Dette er viktig for oss. Vi er ikkje interesserte i å rasere dei første spora etter rørvikarane, seier Samund Rørvik, eldstemann i flokken.
Det var sønene Espen og Jakob som oppdaga kokegropene i jorda:
– Jakob styrte gravemaskinen, medan eg stod i grøfta, då Jakob fekk auge på noko uvanleg i grøfta, fortel Espen.
– Ja, eg såg kol og steinar som vi ikkje hadde sett tidlegare, forklarer Jakob.
– Kva synest de om å gjere slike funn på eigen grunn?
– Det er spanande, sjølvsagt. Vi har opp gjennom åra grave ein del her i området, men aldri gjort slike funn før her ute, seier Espen Rørvik.