Klokka ti laurdag kveld fekk politiet melding om at ein bil hamna på taket etter ei utforkøyring på fylkesveg 61 på Hareid.

Det var tre personar i bilen, men til alt hell slapp dei tre frå utforkøyringa utan alvorleg skade, ifølgje meldinga politiet har skrive på Twitter.

Bil traff stolpe

I eitt-tida natt til søndag køyrde ein personbil av vegen i Leirvågen i Sula. Bilen traff ein stolpe, men dei to personane i bilen slapp frå hendinga utan skade.

Ei kvinne i 40-åra frå Sykkylven er sikta for promilekøyring etter at ho blei stoppa av politiet i halvfire-tida natt til søndag.

Fyll og krangel

I to-tida blei ein mann slått ned av ein annan utanfor ein serveringsstad i Ålesund sentrum. Gjerningsmannen som er i slutten av tenåra og frå Austlandet, var rusa og teken med til arresten.

Like før klokka tre melde politiet om ein krangel mellom fleire personar utanfor ein serveringstad i Ålesund sentrum. Ein mann i 20-åra frå Skodje skal ha slått en mann i 40-åra fra Rauma i ansiktet. Det er ikkje meldt om alvorleg skade, men forholdet blir meldt til politiet.

I løpet av natta er elles to menn melde for urinering på offentleg stad: Ein mann i slutten av tenåra i Ørsta og ein mann frå Skodje som var på bytur i Ålesund.

I Ulsteinvik fekk politiet klage på festbråk frå ein privatbustad. Politiet var på staden og gav pålegg om at festdeltakarane dempa seg.

Før midnatt blei ein rusa mann i 40-åra teken hand om av politiet i Ålesund og køyrt heim.