Statens vegvesen vil halde ved like Nerlandsøybrua kortast mogleg tid:

Kan bli ny bru om fem år

Nybygg om fem-seks år og tett teknisk oppfølging av brua fram til ny bru til Nerlandsøya er på plass.
Nyheter

Dette er tilrådinga frå fylkesrådmann Ottar Brage Guttelvik, etter at han har studert fleire aktuelle alternativ for den rustskadde og svekka Nerlandsøybrua på fv. 20 i Herøy kommune. Tilrådinga går til samferdsleutvalet i Møre og Romsdal fylke, som skal ha møte onsdag den 14. mars. Dersom politikarane følgjer opp Guttelvik si tilråding, kan det vere duka for ein viss brujubel mellom folket på den vakre og vidstrekte øya ut mot storhavet. Der Svinøya er næraste granne mot vest, og sagaøya Island nest næraste ...