(fjordingen.no) – At vi leverer all time high same året som Loen Skylift og Hoven-prosjektet vart fullført, er vi sjølvsagt svært tilfredse med, seier hotelldirektør Richard Grov.

Hotel Alexandra oppnådde i 2017 163,4 millionar i omsetjing, opp 15,8 mill. frå året før. Også det solid bestenotering. Auken i driftsresultat og resultat før skatt er ikkje mindre imponerande. Driftsresultatet gjekk opp frå 20,6 millionar kroner i 2016 til 30 mill. i fjor og resultat før skatt auka frå 5,8 mill. til 13,9 mill.

Hotelldirektøren er rask med å poengtere at æra for den gode utviklinga tilhøyrer heile staben:

– Vi har ein super stab av dedikerte medarbeidarar.

Også Hotel Loenfjord leverte tidenes resultat i fjor, med 6,5 millionar i driftsresultat og 3,7 mill. i resultat før skatt. Sistnemnde var opp frå 1,8 mill. året før.

Same trend som etter bad & spa

– Vi ser litt same trend no som dei første åra etter opninga av Alexandra Bad & Spa. Då fekk vi god auke i totalt belegg og gode resultat. Det beste året kom året etter opninga. Så vi er spente på 2018, som vert det første heile året etter opninga av Loen Skylift, seier Grov.

Når det gjeld tal gjestedøgn, kom Alexandra opp i 80.000 i fjor. Det er 4.000 under topp-året 2007. Loenfjord fekk 29.000 gjestedøgn. Her er rekorden på 30.600 gjestedøgn frå 2006.

– Det var rett å investere

– Tala vi leverer for 2017 kjem i eit år der vi og har investert mykje både i vedlikehald i eigne hotell samt utviklinga av Hoven-prosjektet. Eg skal ikkje leggje skjul på at vi opplevde mykje skepsis frå enkelte som lurte på om vi hadde teke oss vatn over hovudet. Men vi var trygge på at det var rett å investere og har no levert på ein måte som bør gjere negative spådomar til skamme. Vi som driv hotell byggjer soliditet gjennom handling. Det gjer vi gjennom ein tøff og framoverlent organisasjon som viser stor entusiasme og endringsvilje. Difor er eg stolt og audmjuk på same tid, seier Grov.

Denne saka blei først publisert på fjordingen.no