Sa idrettslagsleiar John Helge Bjørndal og sette spaden i matjorda tett ved Vartdal nye skule. Men – som om det skulle vere ei slags symbolsk ugreie som skuggar Vartdal-fotballen:

Spaden gjekk berre gjennom nokre grastustar før han klang mot hardfrosen jord. Og med berre joggesko så fekk lagleiaren låkt i foten, såg det ut til. Men gjorde det noko, på ein slike dag?

– Nei, her ser vi stort på alt, parerer John Helge Bjørndal.

Kunstgras med fiskekvote

Ei kunstgrasbane til 14 millionar kroner skal sjå dagens lys her fram mot sommaren. Entreprenør er Opshaug Maskin as frå Stranda, og arbeidet startar opp umiddelbart. Bana vert liggjande rett aust for nytilbygde og moderne Vartdal skule – og ikkje minst VD-hallen midt i bygningsmassen.

Han er kalla opp etter registreringsbokstavane til alle Vartdal-båtane. No ligg det altså an til at også fotballbanen vert VD-banen, og dermed kanskje landets einaste stadion med eigen hysekvote?

Stemning: F.v. ordførar Stein Aam som i si periode får opne kunstgrasbane nr. fem i bygda, journalist Roy-Arne Folkestad i lokalavisa Møre-Nytt – som har skrive om saka i over tre tiår, to karar frå Ophaug as og banegeneral John Helge Bjørndal. Foto: Knut Arne Aarset

Million-innpiskaren

Det er ei kjend sak lokalt at grunnleggjaren av suksessbedrifta Vartdal Plast as, Håvard Vartdal, har hatt meir enn ein finger med i spelet om innsamlinga av millionar. Vartdal sjølv seier seg likevel liten i den store samanhengen her.

– Ja. Men eg vil gjerne peike på at det på strekninga frå Morkabrua nord for Ørsta sentrum, ut rundt Festøya og innover att så langt vegen rekk, årleg vert skapt verdiar for godt over to milliardar kroner.

– Det vi manglar no for å halde oppe trykket på denne fantastiske produktiviteten, er meir folk i bygda. Med eit komplett anlegg som det vi får no, skulle alle føresetnader vere på plass, seier Vartdal, med direktesikt til skogrydding for fire nye utsiktstomter.

Støttespelarar: Vartdal er først og fremst kjend for sine fiskeritradisjonar og bravadar på havet. No gir VD-reiarane tilbake, også dei som ikkje bur her. F.v. Knut Vartdal, Knut Grønnevet og Atle Vartdal. Arkiv Foto: Knut Arne Aarset

– Når det gjeld pengar, må eg seie meg aller mest imponert over utflytta vartdalingar som Knut og Atle Vartdal i Vartdal Fiskeriselskap. Dei har verkeleg ikkje gløymt kvar dei kjem frå, seier Håvard Vartdal.

Han seier seg også ekstra takksam overfor dei tre grunneigarane som til sist synte velvilje nok til at ny bane no kan byggjast. For utan grunn, ingen bane. Og det er dette som har vore den raude og svarte tråden i banesaka gjennom 40 år: Grunnkrangel og stadige utsetjingar.