Skuldar minst sju millionar i løn

Nær 100 verftsarbeidarar med krav mot konkurs leverandør

Lønnskrav frå nær 100 polske verftsarbeidarar på minst sju millionar kroner, er førebels fasit etter konkursen hos underleverandøren BSR Group.

Underleverandør: Underleverandøren BSR Group hadde minst 150 arbeidarar i jobb ved mellom anna Myklebust-verftet (bilde) til Kleven, Larsnes Mek. Verkstad og Ulstein verft i Ulsteinvik. Selskapet leigde bustader til dei tilsette og dekka reiser til og frå Polen i tillegg til løn. Berre utgiftene til løn skal ha vore fleire millionar høgre enn dei samla inntektene.   Foto: Marius Rosbach

Nyheter

Bustyrar Viggo Scherger har førebels ikkje oversikt over kor mykje dei samla lønnskrava etter konkursen i selskapet BSR Group vil kome opp i.