Slik reagerer heimbygda:

– Anten elskar ein ho, eller så hatar ein meiningane hennar

– Det har vore positivt for Ørskog å ha ein statsråd i regjeringa. Eg trur ho vil markere seg minst like sterkt også utanfor regjeringa, seier redaktør og dagleg leiar av Bygdebladet i Ørskog, Reidar Opsal.

Redaktør Reidar Opsal trur Sylvi Listhaug og Frp har sterk oppslutnad i Ørskog, men frontane er steile.  Foto: STAALE WATTØ

Nyheter

Oppslaget i avisa tysdag var nettopp om den fritalande  statsråden frå Ørskog måtte gå eller om ho tok med seg heile regjeringa.