Politiet melder like før klokka 12 at kvinna som har vore sakna i Gjerdsvika, er funnen i god behald.

– Kvinna blir sett til av ambulanse og helsepersonell, opplyser politiet til Sunnmørsposten.

Politiet sin innsatsleiar John Pilskog opplyser at kvinna blei funnen i terrenget i nærleiken av Gursken kyrkje.

Kvinna hadde vore borte frå heimen sin sidan søndag formiddag.

Mange deltok

Det var seint søndag kveld leiteaksjonen blei starta opp med utgangspunkt i heimen til kvinna i Gjerdsvika. Søket gjekk føre seg store delar av natt til måndag.

Etter at det var kalt inn nye mannskap blei leiteaksjonen starta opp igjen ved 8-tida måndag morgon.

– Det har vore veldig mykje folk som har leita i natt, men no har vi hatt mannskapsbytte, sa operasjonsleiar Erik Dyb til Sunnmørsposten.

Basen for leiteaksjonen var ved Fredtun i Gjerdsvika, Foto: KNUT ARNE AARSET

Mange frivillige deltok i leitinga saman med folk frå Røde Kors og Norske redningshunder. Eit Sea King redningshelikopter var også inne i søket, og tidleg måndag vart mannskap frå Sivilforsvaret sett inn.

Ba om å sjekke eigedomar

Politiet oppmoda folk om å melde inn observasjonar og ba folk i Sande-bygdene Gjerdsvika, Gurskebotn, Haugsbygda sjekke eigedomar, som hus, hage og naust.

Det har også vore søkt langs bilveger rundt heile Gurskøya, i tillegg til søk i terrenget mellom Haugsbygda og over til Gjerdsvika.

Niklas kristoffersen, Steinar Nordal og Rolf Nuland frå Vanylven Røde Kors Hjelpekops klare for strandsøk frå båt. Foto: KNUT ARNE AARSET

Sist sett ved Haugsbygda

– Siste observasjon av kvinna er i Haugsbygda rundt klokka 17.30, opplyste operasjonsleiar John Bratland ved Møre og Romsdal politidistrikt til Sunnmørsposten natt til søndag.

Det er også opplyst at ho også var sett ein time tidlegare, rundt ein kilometer sør for Gjøneset langs vegen i retning Haugsbygda.

Natt til søndag vart det søkt sør for bustaden til kvinna i Gjerdsvika i Sande kommune, i området Gjerdsvika, Gjøneset og Gurskebotnen.

– Vi veit at dette er ei dame, som trass sin alder, er veldig sprek og ofte er observert gåande langs vegen, sa Bratland natt til måndag.

Foto: KNUT ARNE AARSET